Om korleis dialektane på Agder fortel om avstand og nærheit mellom folk frå eldre tider til i dag

Arrangement

Arrangementet har allerede vært

15 februar lørdag 2020
15 februar lørdag 2020
15.02.2020 til 15.02.2020.
Plass Lindesnesbibliotekene Mandal
Pris: Gratis
Målgruppe:
Informasjon:

Ansvarlig arrangør: Universitetet i Agder

v/ Martin Skjekkeland, professor emeritus i nordisk språkvitskap ved Universitetet i Agder

Det er stor variasjon i dialektane på Agder, med store skilnader mellom kyst og innland. Frå Søgne til Valle, ein avstand på ca. 15 mil, er det større forskjellar enn nokon anna stad i Norge, over så kort avstand. Dialektforskjellane fortel om avstand og nærheit mellom folk. I dette foredraget prøver foredrags­haldaren å sjå Agder-dialektane i lys av kommunikasjonar og samfunnsliv i eldre og nyare tid.

Om foredragshaldaren:

Martin Skjekkeland
er professor emeritus i nordisk språkvitskap. Han har sidan 1992 vore knytt til Høgskolen i Agder/Universitetet i Agder. Fagleg har Skjekkeland særleg arbeidd med emne knytte til dialektologi, sosiolingvistikk, språknormering og språkhistorie. Han har gjeve ut fleire bøker, mellom andre: Dei norske dialektane (1997), Dialektar i Noreg (2005), Språk og samfunn i endring (2009), Dialektlandet (2010), Språk og kultur – Vegar inn i det norske språksamfunnet (2012).

Skjekkeland fekk i 2006 Sørlandets kompetansefonds populærvitskaplege pris for sin innsats som populærvitskapleg formidlar av språkvitskaplege emne. Han er i dag fagansvarleg for emnet dialektar i Noreg i Store norske leksikon.